EM-SØLV TIL ELI ANNE!

(04.07.2015) Eli Anne Dvergsdal har hatt flott framgang i år, men EM-sølv var det vel ingen som hadde venta av jølstrajenta. I EM motbakkeløp i Porto Moniz på Madeira leverte 24-åringen eit kjempeløp og tok andreplassen med 53.05 i den krevjande løypa (8.25km og 850 meter høgdeskilnad). Ho var om lag to og eit halvt minutt bak suverene Andrea Mayr frå Østerrike som vann for tredje gong på rad, og halvminuttet føre bronsevinnaren Emma Clayton frå Storbritannia. VI GRATULERER – så vidt vi kan sjå er det første Gular-medalje i ein internasjonal meisterskap (nordisk meisterskap og Europacup for landslag ikkje medrekna). Det vart elles ein stor norsk dag på Madeira då Johan Bugge (med fleire sigrar i Fløyen Opp) vann seniorklassen og Stian Øvergaard Aarvik vann juniorklassen.

Live persa igjen: 12.12 på VU-spelen!

(05.07.2015) Under VU-spelen i Gøteborg i helga persa Live Haugstad Hilton nok ein gong – no til 12.12 på 100m. Bergens Turn-jenta sette med dette også kretsrekord i jenter 16 år for Hordaland, Naomi hadde den gamle på 12.14. Elles sette Live også årsbeste i lengde med 5.54, 1 cm bak fjorårspersen. Her hoppa klubbvenninna Julie Woie Flølo 5.09. Søndagen vart det ny pers på Julie i tresteg med 11.36 medan Live løp 200m på 25.10. Ingrid Halvorsen Folvik vart nr. 7 på 1500m (beste norske) i eit lureløp – tida vart 4:28.78, vel 2 sekundar bak vinnaren. Søndagen vart det flott pers på 800m med 2.12.25. På 400m sette Torbjørn Lysne solid årsbeste med 49.06, og på 200m vart det 21.83.

Marius sette løyperekord i Jølster

(04.07.2015) Under dagens Jølster maraton sette Marius Vedvik ein solid løyperekord på 10km med 29.33 på ein varm dag i sunnfjordbygda. Elles vart det mykje Gular på halvmaraton, Tomas Windheim vann med 1:15.09 føre Anders Staude på 1:17.31. Lars Røttingen var sjettemann i mål med 1:22.36.

Sterk 5000-løping på Bislett

(28.06.2015) Gular var godt representert på 5000m under Norwegian Milers Club- stemnet på Bislett i kveld. Eli Anne Dvergsdal debuterte på 5000m bane med siger på flotte 17:07.32, og avanserte til andreplass på alle tiders klubbstatistikk, bak Frida Berge. Kjersti Fresvik følgde fint opp med pers 17:40.27 og fjerdeplass. I herreklassen vart det 4.plass på Marius Vedvik med 13:58.17, det ser ut som milslukaren frå Førde er i stigande form. Per Svela vart nr. 3 i B-heatet på solid pers 14:53.27.

Helga på landevegen

(27.06.2015) Våre løparar har også markert seg på landevegen i helga. Under St.Olofsloppet i Trøndelag og svenske Jamtland denne veka deltok Bjørn Tore Kronen Taranger på eit  samansett lag (Malm/Selsbakk) som så vidt slo klubblaget til Strindheim etter ein hard fight – berre 1 minutt og 39 sekundar skilde laga etter dei 51 etappane frå Trondheim til Østersund fordelt på fire dagar!

Under Kristinaløpet i Tønsberg vann Jens Bøhmer 10km på 33.50 og Ingeborg Lind tok andreplassen på 5km med 18.14. På biletet ser vi Ingeborg på veg mot gull under terreng-NM på Hønefoss i 2013.

 

ingeborg

 

 

Veteran-NM: 3 gull, 6 sølv, 5 bronse

(27.06.2015) I helgas NM for veteranar i Finnfjordbotn i Troms vart det totalt 3 gull, 6 sølv og  5  bronse.  To av gulla kom ved eldstemann Leif Bjordal (kule og spyd MV85). Arthur Lillefosse som konkurrerer i MV 70 tok  gull i tresteg, sølv i høgde og kappgang og dessutan bronse på 200m og i lengde og spyd. Trygve Monstad i MV 80 fekk sølv både på 100m, 200m og i lengde og dessutan tok Ingulf Nordahl sølv på 1500m og bronse på 800m og 10000m i MV45.  På biletet ser vi Trygve Monstad (bane 3) i aksjon i Finnfjordbotn. Resultata finn du her: http://www.veterannmifriidrett2015.no/

 

Trygve-NM-veteran

Ingrid klarte kravet – 4:26.97 i Mannheim

(27.06.2015) Under det internasjonale juniorstemnet i Mannheim i dag klarte Ingrid Halvorsen Folvik kravet til EM U20 som går i Eskilstuna om tre veker. Ho tok ein fin sjetteplass på 1500m med 4:26.97 (krav: 4:28.00) i eit løp der ho vart liggande på ‘halvdistanse’ mellom tetfeltet og dei andre og såleis gjorde jobben sjølv, så det bør vere meir å gå på. Ingrid skal i aksjon igjen neste helg på Vu-spelen i Gøteborg – då blir det både 800m og 1500m.

Naomi Van den Broeck var også med i Mannheim – laurdag løp ho startetappen for Belgia sitt 4x100m lag som kvalifiserte seg til EM U20, og søndag vart det 23.93 på 200m, 1/100 bak persen og fattige 2/100 bak det belgiske kravet til EM U23!

 

Ingrid-2

Rask sprint på Lillehammer – og Live tatt ut til EYOF!

(25.06.2015) Sprintarane i klubben leverte mange fine resultat under Veidekkelekene på Stampesletta på Lillehammer sist helg. Vi omtalar herreklassen først denne gongen, sidan  det var dei som løfta seg mest i høve til tidlegare prestasjonar i år. Torbjørn Lysne løp på 10.79 (vann B-finalen) og 21.71, noko som er mykje betre enn han har prestert tidlegare i år. Christian Marthinussen var berre 4/100 bak Torbjørn i den jamne B-finalen, og 10.83 – i årets første individuelle løp utandørs – er berre 5/100 bak den seks år gamle persen hans. Elles fekk Joakim Dang 11.16 og Alexander Karlsson 11.44.

Raskast på kvinnesida var Naomi Van den Broeck med 24.03 på 200m i vindstille, ho hoppa også 5.92 i lengde. Live Haugstad Hilton persa igjen – denne gongen vart det 12.15 på 100m, som gir 7. plass på klubbstatistikken for senior gjennom alle tider og er nest raskast i Hordaland gjennom tidene i jenter 16 – berre slått av Naomi! Anne Dolvik var like bak persen på 100m med 12.17, og årsdebuterte også på 400m med 56.86. Anne følgde opp med 24.60 på 200m i Sollentuna torsdag 25. juni.

Vi kan også gratulere Live Haugstad Hilton med landslagsdebut – ho er, som den einaste friidrettsutøvaren frå Hordaland, tatt ut til European Youth Olympic Festival i Tbilisi i Georgia der ho etter det vi veit skal løpe på det norske laget på 4x100m stafett. Dette arrangementet går i perioden 26. juli – 1. august.

Eli Anne vann Gullfjellet Opp – og tatt ut til EM!

(25.06.2015) Eli Anne Dvergsdal tok ein klar siger i Gullfjellet Opp på laurdag, og var rundt 3 minuttar føre neste kvinne i den til dels snødekte løypa opp mot Bergens høgaste punkt. Dette var det tredje Norgescupløpet i år, og Eli Anne leiar no denne cupen. Kirsten Marathon Melkevik tok tredjeplassen i eit fint comeback etter eit langt skadeavbrekk. Dagen etterpå tok Eli Anne turen til Sandane og vann Svinestranda Opp på løyperekord (Svinestranda er eit 1140 meter høgt fjell trass i namnet). Vi har også notert oss at May Britt Buer vart nr. 2 i Molden Opp i Luster på laurdag, eit minutt bak vinnaren Maren Wangensteen.

Eli Anne er no tatt ut til EM i motbakkeløp i Porto Moniz på Madeira laurdag 4. juli – vi gratulerer med landslagsdebuten!