Frida nr 11 i terrengløp i Seattle

(02.10.2015) Frida Berge vart nr. 11 i  eit terrengløp i Seattle i dag. Ho var 28 sekundar bak vinnaren i den 6km lange løypa, og fjerde jente (dei fem beste tel) på University of Oregon sitt jamne lag som er ein av favorittane til å vinne lagkonkurransen i den amerikanske universitetsmeisterskapen seinare i haust. Under dagens løp i Seattle vann Oregon ein klar siger i lagkonkurransen føre andre sterke universitet som Washington og Stanford. Neste konkurranse er Pre National Invitational i Louisville, Kentucky 17. oktober

Klubbrekord av Eli Anne på 10000m

(30.09.2015) Under haustens siste karusellstemne på Fana stadion sette Eli Anne Dvergsdal flott ny klubbrekord på 10000m med 34:52.28. Dette er over minuttet betre enn den tidlegare rekorden som Kjersti Fresvik sette på NM i år. Marius Vedvik gjorde ein flott harejobb for Eli Anne etter at han tidlegare på kvelden hadde vunne 1500m på 3:55.52. På 1500m vart det for øvrig persar på Sondre Dingsør (debut 4:03.65) og Alexander Tesfamariam (4:04.02), og Jens Bøhmer persa med over halvminuttet på 10000m til 32:29.83.

Eli Anne vann Stoltzen på 9:55

(26.09.2015) Eli Anne Dvergsdal var raskaste kvinne i Stoltzekleiven Opp i dag, og vann suverent på 9:53. Med dette gjekk ho inn på tredje plass på  alle-tiders statistikken i løpet. Birgit Kverneland vart nr. 7 med 11:20. Beste Gularløpar i herreklassen var Bjørnar Sandnes Lillefosse med 6.plass på 8:45. Marius Vedvik vart nr 13 på 9:09, og Vidar Dahle og Martin Finne tok 17 og 18.plass på hhv. 9:18 og 9:20.

Naomi 39.68 på 300m

(23.09.2015) Under årets nest siste karusellstemne på Fana stadion sette Naomi Van den Broeck ny klubbrekord i junior-19 på 300m med 39.68 –  som også er under kretsrekorden i junior-19, Men for å setje kretsrekord må ein ha norsk pass.  Flott løpt også av 16 år gamle  Live Haugstad Hilton med 40.44. Sondre Dingsør vann 800m på 1.55.80 føre to Gneist-gutar, med Alex og Marius på 1.58-talet. Fin harejobb av Leonard-Johan Nesheim. Kari Kuvaas Herting persa til 31.62 på 200m hekk og Katrine Haarklau sikra viktige seriepoeng med 10.86 i kule.

Marius suveren i Fanamilen

(20.09.2015) Marius Vedvik tok ein suveren siger i den tradisjonsrike Fanamilen med 30.54 på 10km. Eli Anne Dversgdal vann 5km på 17.31, her vart Linda Grøning nr. 2 på 19.51. Birgit Kverneland vart nr. 2 på 10km med 41.08. Vi tar også med at Ingeborg Lind vart nr. 11 i Oslo halvmaraton i går med 1:25.06.

Årsbeste av Sondre på 800m – 1:53.83

(16.09.2015) Gular var bra representert i årets siste stemne i den populære Norwegian Milers Club-serien. Dette gjekk på Bislett i kveld. Sondre Dingsør sette årsbeste med 1:53.83 i A-heatet på 800m, dermed var han berre 4/100 bak klubbårsbestenoteringa til Kristoffer Grindedal. I B-heatet vann Alexander Tesfamariam på 1:56.09, pers med 2/100, føre Marius Vedvik (1:56.49) som var like bak persen på 1:56.25. Også på 5000m vart det ein hårfin pers – Per Svela sine 14:38.30 var 6/100 under persen frå NM. Men pers er pers!

Stor aktivitet i terreng, gate og motbakkeløping

(13.09.2015) Det har vore stor aktivitet på terreng og motbakkefronten dei siste dagane. Fredag vart Frida Berge  nr. 5 i sesongopninga i terrengløp på heimebane i Oregon, ho var 12 sekundar bak vinnaren i løpet som var 6km langt. Torsdag var det Trappeløpet Ørnen Opp (frå 1. til 13. etasje) på det nye hotellet i sentrum – her vart det førsteplass til Eli Anne Dvergsdal (biletet) og tredjeplass til Vidar Dahle. Det var også hyggeleg å sjå namnet Thomas Mellin-Olsen på resultatlista – det var lenge sidan vi har sett kretsrekordhaldaren i lengde i konkurranse – han slo faktisk Marius Vedvik, men så var då løpstida også godt under minuttet…

Laurdag vart Martin Finne og Geir Storetvedt Skaten nr. 4 og 5 i  Lyderhorn Opp. I Munketreppene Opp i Lofthus vart Jonny Kibsgaard nr. 2, og Anders Staude nr. 8, medan May Britt Buer vann dameklassen.  Eli Anne Dvergsdal vann både ‘først til mølla’ på Stord laurdag og Langedalen opp på søndag – i Langedalen Opp vart Geir Storetvedt Skaten nr. 4. Ingeborg Lind vann NO-løpet i Oslo (10km, 40.19) på Vestby nær Oslo.  Jens Bøhmer leverte eit fint løp med 1.12.06 og 63.plass  i København halvmaraton – solid pers av studenten frå Langesund. Og endå kan det nok vere løp vi ikkje har fått med….

Mange KM-gull til veteranane

(13.09.2015) Under helgas veteran-KM på Husnes tok Gulars veteranar frå 50 år og oppover til over 80 heile 18 gull individuelt, og dessutan 2 stafettgull og 2 sølv.  Nicolay Landmark tok 6 gull, Arthur Lillefosse 5, Magne Limevåg 3,Trygve Monstad 2,  Arne Hamarsland 1, og Kjell Sælensminde  1 gull. I tillegg vart det 1 sølv til Kjell Sælensminde og 1 til Per Einar Sønnesyn. Gular vann også 1000m stafett både i 70-79 og 80-89 års klassen. På stafettlaga løp Arthur, Magne, Trygve, Arne, Kjell, Per Einar og dessutan Kristian Falch og Arne Nymark. Vi kjem evt. tilbake til enkeltresultat og lagoppstillingar seinare.

Bjørn Tore nr. 47 i VM 100km

(12.09.2015) Bjørn Tore Kronen Taranger vart nr. 47 i VM 100km i nederlandske Winschoten i helga med 7:28.02. Etter 50km-passering på 3:32.30 gjekk andre halvdel litt tyngre og dermed vart det eit stykke bak persen på 7:07.39. Det norske tremannslaget med Bjørn Tore som tredjemann vart nr. 8 i lagkonkurransen.