Sterkt løp av Frida i USA

(30.10.2015) I ‘distriktsmeisterskapen’ i terrengløp for store universitet på Stillehavskysten av USA, Pac-12, i Colfax, Washington, i dag vart Frida Berge nr. 14. Ho var dermed fjerde best av jentene på Oregon-laget, som vart nr. 2 med plass-siffer 51, 6 plass-siffer bak vinnarlaget Colorado. Frida var 32 sekundar bak vinnaren Aisling Cuffe (pers 15.11 på 5000!) frå Stanford i den 6km lange løypa. Det er no to konkurransar igjen i universitetssesongen for Frida: NCAA West Regional i Seattle 13. november og NCAA (amerikansk universitestmeisterskap) i Louisville, Kentucky 21. november.

Tre på laget til nordisk

(30.10.2015) Gular har fått med tre deltakarar på det norske laget til nordisk meisterskap i terrengløp i Gøteborg neste helg (7. november): Eli Anne Dvergsdal, Kirsten Marathon Melkevik og Marius Vedvik. Eli Anne debuterer i nordisk, medan Kirsten og Marius har fleire startar bak seg i denne årlege meisterskapen. Vi ønsker lukke til!

Kulepers på Naomi – 10.87

(24.10.2015) Dei fleste har avslutta banesesongen for ei stund sidan, men Naomi Van den Broeck har halde på utover hausten heilt til no og deltatt i mange ulike øvingar. Laurdag persa ho i kule til 10.87, som både er klubbrekord i Hovding og årsbeste i Gular (1cm lenger enn Katrine Haarklau sitt støt tidlegare i haust). Naomi har tidlegare også persa til 1.53 i høgde og deltatt på mellom anna 600 meter!

Gular på topp både på landevegen og i terrenget

(27.10.2015) Sesongen er slett ikkje over for dei som konkurrerer utanfor bane. Siste veka har vi notert følgande: Frikarusellen onsdag 21. – Klar siger til Tomas Windheim på fine 15.40 på 5km, Jonas Dalland nr. 4 på 17.17.
Ingeborg Lind hadde tatt turen til Sørlandet i helga, der ho vann skogs- og myrløpet Svalandsgubben på 2.16.55. Bjørn Tore Kronen Taranger drog over Sotrabrua og vann Glesværløpet dagen etter klubbmeisterskapen i terrengløp. Magnus Sirnes Hjellum tok turen heim til Haugesund og vart nr. 5 i eit sterkt felt i Djupadalten, vel minuttet bak Ørjan Grønnevig. I USA er Frida Berge på startstreken i terrengløp omlag annankvar helg- for halvanna veke sidan vart ho nr. 83 på ein 6km sjølv om ho ikkje var meir enn 1.02 bak vinnaren (!) – litt betre breidde enn i NM kan ein vel seie. Fredag 30. oktober er det ‘Conference’ (regionalt meisterskap) i Colfax, Washington, og her er University of Oregon med Frida på laget tittelforsvarar.

Nytt styre i friidrettsgruppa

(13.10.2015) På årsmøtet i Gular friidrett vart det valt nytt styre. Morten Straume går på sin 20. (!) sesong som leiar, og med seg i styret får han Knut Forthun (nestleiar, ny), Asgeir Thomassen (sportsleg leiar, ny), Lars Røttingen (kasserar, attval), og Lena Indrebø (aktives rep., ny). Kjell Karstensen er adm. leiar og har møte – og talerett i styret. I tillegg vart ei rekke personar valde inn i funksjonar i utval under styret.

NM-terrengløp

Fornøyde jenter etter målgang
Fornøyde jenter etter målgang

I helgen var hele 10 Gular-utøvere i aksjon under årets utgave av NM-terrengløp. Løpet gikk under tunge omgivelser i en kupert løype på Ekeberg. Først ut var Ingrid Folvik. Hun imponerte stort og viste at hun virkelig er å regne med i terrengløp. Hun likte seg tydeligvis godt på Ekeberg-sletten og distanserte sine konkurrenter og vant på imponerende vis med 28 sekunder foran nestemann. I kvinner senior stilte Gular opp med 4 utøvere. Første Gular-utøver over målstreken var her Eli Anne Dvergsdal som kom i mål på en solid 2. plass, bare slått av langrennskonvertitten Størmer Steira. Det ble også gjennomført solide prestasjoner av Kirsten Marathon Melkevik, Kjersti Fresvik og Ingeborg Lind som endte på henholdsvis 5, 12 og 14. plass.

Gular stilte også mannsterke opp med 4 utøvere i menn senior. Her stilte Gular med Marius Vedvik, Per Svela, Magnus Sirnes Hjellum og Jens Bøhmer. Første Gular-utøver i mål var Marius med en flott 6. plass, mens Per, Magnus og Jens kom på rekke og rad på henholdsvis 21, 22 og 23. plass. Siste Gular-utøver i aksjon var Sondre Dingsør som endte på en 18. plass. Ellers bør det nevnes at Frida Sommervold fra samarbeidsklubben Bergens TF endte på en 3. plass i 16 årsklassen. Etter helgens prestasjoner er det store muligheter for at man får se både Ingrid, Eli Anne og Marius i landslagsdrakt under nordisk-terrengløp den 7. november i Gøteborg.

Stor aktivitet på landevegen siste veka

(10.10.2015) I Bjarte Viks eliteløp 10. oktober vann Eli Anne Dvergsdal dameklassen på 16.15 i dette løpet som er 5km men der mål ligg litt lågare enn start.

Terje Aggvin tok ein knepen siger (1 sekund) i Kvinnheradløpet (5.8 km) med 18.24. Vi noterer også at kona Johanna vart nr. 6 i dameklassen med sønene Nils og Lars i joggevogn i dette løpet som gjekk 4. oktober.

Eli Anne Dvergsdal vann Totland Opp søndag 4. oktober på ny løyperekord 22.44 før Kirsten Melkevik (comeback etter langvarig skade) med 24.11. Eli Anne vann også Hangurslia Opp på Voss laurdag med 10.58 – dette er for øvrig eit tradisjonsrikt motbakkeløp som første gong vart arangert i 1993.

Bjørn Tore Kronen Taranger sette pers på halvmaraton laurdag 3. oktober med 1:14.10, berre 7 sekundar bak vinnaren.

Under haustens første Bykarusell onsdag 7. oktober – 3km med start og mål i Nygårdsparken og løype langs Storelongeren – var det arrangørklubben Gular som toppa listene. I herreklassen var Kristoffer Grindedal først i mål på 9.33 saman med Osterøys Trygve Feidje Mjelde. Sondre Dingsør vart nr. 4 med 9.35. I dameklassen toppa Ingrid Kristiansen lista med 10.48, Lena Indrebø vart nr. 3 med 11.31.