Mange persar på Arne Risa Classic og juniorrekord av Adele

(16.05.2021) Som tidlegare år vart det sett mange persar under Arne Risa Classic 12. mai. Ein av dei sterkaste prestasjonane på stemnet kom ved Andreas Haara Bakketun (bildet), som persa til 21.20 på 200m – fjerde best i Hordaland gjennom tidene. Med denne sterke sesongopninga nærmar han seg kretsrekorden til Quincy Douglas (21.01 frå 2000) og trenar Erlend Sæterstøl sin U23-kretsrekord på 21.07 frå 1995.

3000m var som vanleg den mest populære øvinga. Etter at Sondre Hoff hadde gjort ein fin harejobb i 1600m, tok Marius Vedvik over og gjorde mesteparten av drajobben på dei siste rundane. På oppløpssida måtte han sjå seg slått av unge Simen Halle Haugen frå Runar, som persa til 7:57.18, medan Marius fekk 7:58.15 – hans tiande løp under 8:00! Mats Hauge hang med teten heilt til sisterunden, og persa til fine 8:01.20 sjølv om beina var frykteleg stive på dei siste metrane denne gongen. I B-heatet persa Johannes Teigland til 8:25.39 og Matias Andersen Førde til 8:28.64 og i C-heatet klarte nyinnmelde Tore Akerlie nesten NM-kravet då han tok ein klar siger på 8:37.59.

Ingrid Kristiansen tok ein klar siger i kvinneklassen på 3000m med solid pers 9:42.85, og vi fekk også fleire under NM-kravet på 10:14.99: I A-heatet løp Amalie Joensen, som hadde kravet frå før, på 10:14.51, og i B-heatet leverte Kjersti Fresvik sitt beste løp på fleire år med 10:06.97. Her klarte også Johanne Sveen Wessel kravet med 10:14.40 i sin debut på bane. Det var også fleire persar bakover i feltet på 3000m både for menn og kvinner.
På 800m kom Timmi Anderl under 2:00 for første gong med 1:58.77 og nærmar seg junior-NM-kravet (U23-klassen) på 1:58.49.

Under Åsane halvmaraton onsdag sette Adele Henriksen ny norsk bestenotering for junior (U20) med 1:15.48. Ho vart nr. 7 totalt i løpet. Vi noterer også hyggeleg comeback etter skade av Nikolas Jon Aarland, som vart nr. 2 på 1:12.22, berre tre sekundar bak vinnaren. Daniel Beeder tok ein fin femteplass på 1:15.13.

Nokre av sprintarane hadde tatt turen til Leikvang tysdag, der 100m og 300m stod på programmet. På 300m vart nyinnmelde Sebastan Plows nr. 2 på 35.47 og Sivert Sellevold nr. 3 på 36.03, pers på begge, og Erlend Hognestad Nilsen fekk 11.48 på 100m.

Klubbrekord til Ine og norsk U20-rekord til Adele på Bislett!

(08.05.2021) No er utandørssesongen for alvor i gang! Under dagens 10000m på Bislett var det ikkje berre Karoline Bjerkeli Grøvdal og Therese Johaug som løp sterkt. Våre to jenter løp begge sitt beste baneløp nokon gong og sette dessutan rekordar. Ine Bakken vart nr. 4 på 33:49.95 i sin første 10000m på bane, klubbrekord med over eit minutt! Adele Henriksen på sjetteplass fekk 34:08.55 som er norsk U20-rekord med rundt 40 (!) sekundar. Bildet viser Adele i aksjon på Knarvikmila for eit år par sidan.

Tre Gular-løparar med i EM

(07.03.2021) For første gong hadde Gular meir enn ein deltakar med i EM innandørs. Og sjølv om det ikkje vart full klaff for våre tre, presterte alle betre enn dei persane dei hadde før sesongstart. På 60m var det heile 9 forsøksheat, her løp Jacob Vaula (bildet – henta frå Bildbyrån) på 6.75 og Even Meinseth, som fekk ein dårleg start, noterte 6.80. Den siste semifinaleplassen gjekk på 6.72, som er identisk med persane til Jacob og Even. På 3000m var Bjørnar Sandnes Lillefosse heimeverande reserve, men fekk sjansen i siste liten då Filip Ingebrigtsen trekte seg. Ikkje ideell oppladning med andre ord, men Bjørnar leverte bra og kom inn på 8:02.00 etter eit jamt løp. Han vart nr. 10 i forsøksheatet sitt og slo sin svenske konkurrent. God meisterskapserfaring for alle tre som har hatt ein flott innesesong, og så ser vi fram til utesesongen for dei og alle andre i klubben!

Banerekord av Andreas i Leikvanghallen

(28.02.2021 – tekst korrigert 07.03.2021) Under dagens sprintstemne i Leikvanghallen arrangert av Gular forbetra Andreas Haara Bakketun sin eigen banerekord og kretsårsbeste på 200m med 1/100 då han løp solo på 21.73. På 400m vart det solid innepers til Tor-Junor Vedde med 49.40, som er nest best i Norge i årets inne-sesong. Her fekk Sivert Sellevold 50.58, og Marius Vedvik la inn litt fartstrening og noterte 54.62. På 60m er både Even Meinseth og Jacob Vaula tatt ut til EM i polske Torun neste veke og brukte stemnet som ei gjennomkøyring. Even var raskast i forsøket med 6.92, i finalen var Jacob raskast med 6.96.

Bjørnar og Marius under 8:00 på 3000m

(23.02.2021) Under eit stemne i Leikvanghallen i dag løp Bjørnar Sandnes Lillefosse og Marius Vedvik ein svært sterk 3000m, og begge klarte EM-kravet på 8:00. Etter flott harejobb av Anders Bjørndal frå Gneist i vel 1500 meter heldt våre to beste langdistanseløparar farten oppe resten av vegen, og Bjørnar viste seg som den sterkaste på sisterunden. Tidene vart 7:58.01 og 7:58.41. Bjørnar slo dermed utepersen sin frå i fjor, og var berre 14/100 frå Marius sin innandørs kretsrekord. Også flott løp av Matias Førde som persa med 7 sekundar til 8:28.71. EM-tur blir det neppe på våre to løparar, til det er det for mange andre som har klart kravet.

Laurdag løp nyinnmeldte Eivind Trym Wikshåland ein pen 3000m i Bærum og persa solid til 8:14.62, her fekk Eldar Thomassen Fagerbakke 8:22.64 som er eit par sekundar bak utepersen, og laurdagen før det igjen løp Even Meinseth og Jacob Vaula 60 meter på pene 6.75, også i Bærum, Even vart dømt først av dei to.

Sondre og Erlend persa under Nornamesterskapet

(10.02.2021) Under Nornamesterskapet i Leikvanghallen sist helg fekk fleire av våre utøvarar høve til å delta. På 60m vart det persar både til Sondre Gjesdal (bildet) med 7.04 og Erlend Hognestad Nilsen med 7.24, og på 200m vart det årsbeste og banerekord for Andreas Haara Bakketun med 21.74. Sivert Fløgstad Sellevold fekk bokført 7.38 og 23.05 på desse distansane, begge delar er litt bak pers. Så får vi håpe at det ikkje går altfor lenge til neste friidretts-stemne i Bergen!

Bjørnar med sterk 3000m: 8:00.90!

(01.02.2021) Under dag 2 av Norna Indoor leverte Bjørnar Sandnes Lillefosse ein sterk 3000m på 8:00.90 i sololøp. Dette er innepers med rundt eit og eit halvt sekund, og berre vel sekundet bak utepersen frå Bislett i fjor. Lovar godt for sesongen vidare. Matias Førde fekk 8:35.61 som er to sekundar under utepersen frå i fjor, og Eldar Thomassen Fagerbakke kom inn på 8:46.60. På 200m tok Andreas Haara Bakketun ein grei siger på 21.77 føre Sondre Lindaas Gjesdal som fekk 22.03.

Fotofinish på 60m på sterke 6.72!

(30.01.2021) Under Norna Indoor i Leikvanghallen vart det levert flott sprint i dag. I finalen på 60m vart det fotofinish mellom Gulars to raskaste menn, Even Meinseth og Jacob Vaula. Eldstemann Even var såvidt føre i mål, og begge fekk notert 6.72 som er solid pers på begge, under EM-kravet på 6.77 og berre 8/100 bak trenar Erlend Sæterstøl sin 25 år gamle klubbrekord! På tredjeplass kom fjorårets norske meister på 200m, Mathias Hove Johansen frå Skjalg, som persa til 6.76. For Jacob var det dagens andre pers, då han hadde 6.77 i forsøket, der slo han Even som fekk 6.83. Elles vart det også pers på Sondre Lindaas Gjesdal (7.06 i forsøket), mens Erlend Hognestad Nilsen og Sivert Fløgstad Sellevold begge noterte 7.27 og dermed var hårfint bak persane sine. Vi ser fram til langsprint og 3000m i morgon!

Bildet er frå NM på Fana i fjor der Even vann og Jacob (i svart Stord-drakt) tok bronse.

Jacob raskast i sesongstarten

(10.01.2021) Det vart eit spennande oppgjer på 60m under Nornaraketten i Leikvanghallen i dag. Nyinnmelde Jacob Vaula (midt i bildet tatt på NM i fjor) var raskast på 60m med 6.82, pers med heile 12/100 og dessutan kretsbestenotering i menn junior-20 (den gamle junioralderen for oss som har levd ei stund). Even Meinseth (til venstre på bildet) var like bak med 6.84 som er berre hundredelen bak innepersen – i lovleg medvind ute noterte Even 6.71 i fjor. Desse tidene kom i forsøket, Jacob stod over superfinalen der Even vann på 6.86. Det vart pers eller tangering på alle våre løparar, Andreas Haara Bakketun kom under 7.00 for første gong med sterke 6.94 i superfinalen. Sondre Lindaas Gjesdal tangerte fjorårspersen på 7.14 i superfinalen, Sivert Fløgstad Sellevold persa med 7.25 i forsøket, heile 19/100 under gamlepersen frå 2018, og nyinnmelde Sebastian Plows fekk 7.38 i superfinalen som var pers med ein hundredel.

Sivert og Andreas tok seg også tid til litt hopping, Sivert persa til 3.03 og vann lengde utan tilløp, medan han og Andreas vart nr. 2 og 3 i den litt uvanlege øvinga tresteg utan tilløp med hhv. 9.15 og 8.99. Det ville vere veldig fint om vi i løpet av inneseongen kunne få tre resultat til i lengde utan tilløp – då er vi langt på veg til å ordne opprykk frå 2. divisjon i lagserien (tresteg utan tilløp er dessverre ikkje ei øving som kan brukast i serien).