Christian persa – 10.75 i regnvåte Sundsvall

(26.07.2015). Wind Sprint i svenske Sundsvall er etter kvart blitt eit fast innslag i sesongen til sprintarane våre. I år var vinden stort sett akkurat passeleg, men dessverre regna det kraftig under mesteparten av stemnet. Christian Marthinussen sette likevel ein flott pers med 10.75 og er dermed inne på topp-10 i klubben gjennom tidene. Den gamle persne på 10.78 var sett heilt tilbake i 2009! Elles hadde Torbjørn Lysne 10.87 og 21.91 og  Joakim Dang sette årsbeste med 11.13.