Kristoffer klarte NM-kravet i siste liten

(26.07.2015) I eit ekstrastemne på Fana stadion der berre 800m stod på programmet, var det heile tre løparar som klarte NM-kravet på 1:54.99. Raskast av desse var Gulars Kristoffer Grindedal, som med 1:53.79 noterte si beste tid på distansen sidan topp-sesongen 2010 og slo Anders Bjørndal frå Gneist med 5/100. Alexander Tesfamariam sette årsbeste med 1:56.53 på 4.plass.