Marius 8:03 i Karlstad

(22.07.2015) Under det svenske Grand-Prix stemnet i Karlstad vart Marius Vedvik nr. 4 på 3000m på årsbeste 8:03.23. Bjørnar Lillefosse følgde fint opp med pers 8:11.30 og 6.plass, han avanserte dermed til 12.plass på Gulars alle-tiders statistikk. Det vart også løpt bra på 3000m andre stader denne veka – Per Svela løp solo på 8:32.15 i Sandnes og Eli Anne Dvergsdal persa til 10:03.72 under småsure forhold i Hyen.