Ingrid nr 7 i junior-EM

(19.07-2015) Ingrid Halvorsen Folvik gjorde eit sterkt løp  junior-EM og vart nr 7 på årsbeste 4:26.56. Det gjekk veldig roleg i starten (ca 77 på første runden), men deretter strekte feltet seg ut då den britiske vinnaren Bobby Clay sette opp farten. Dei tre medaljevinnarane hadde god klaring til resten av feltet men Ingrid var berre vel sekundet frå 4.plassen. Ingrid har eit år igjen i junior-19-klassen, neste år går junior-VM i russiske Kazan.