Heusden: Marius 13:45.21, Bjørnar 14:14.40

(18.07.2015) Under KBC-Nacht stemnet i belgiske Heusden i kveld vart det flotte persar på 5000m både på Marius Vedvik og Bjørnar Sandnes Lillefosse. Marius persa med 6 sekundar til 13:45.21 og vart nr. 3 i C-heatet, medan Bjørnar persa med 5 sekundar til 14:14.40 og tok andreplassen i D-heatet. Marius avanserte til fjerdeplass i kretsen gjennom tidene, bak Jan Fjærestad frå fana og Gular-løparane Arne Risa og Anfin Rosendahl.