God løping av Christian og Torbjørn på Bislett

(17.07.2015) Under sommarstemnet på Bislett 15. juli leverte Gular-løparane fleire fine prestasjonar. Christian Marthinussen vart nr 2 på 100m med 10.86 (vind -1.1) i finalen etter 10.88 i forsøket. 2009-persen på 10.78 lever farleg under WindSprint i Sundsvall om vel ei veke! Elles sette Torbjørn Lysne årsbeste på 400m med 100m 48.68, han hadde også 11.03 (forsøk) og 11.14 (finale) på 100m. Alexander Karlsson sette årsbeste med 11.28 på 100m, Ingeborg Kristine Lind løp 3000m på 10:18.67  og Alexander Tesfamariam fekk bokført 1:59.09 på 800m.