EM U20: Pers og 7.plass på Naomi

(17.07.2015) Naomi Van den Broeck gjorde ein flott innsats under EM U20 i Eskilstuna. I Belgias raud/gul/svarte drakt persa ho i forsøket med 11.65, som er tangering av Sølvi (Olsen) Meinseth sin 26 år gamle klubbrekord. I semifinalen vart det 11.79 i lett motvind, og i finalen – der det ikkje såg ut til å klaffe heilt – vart det 12.04 også det i lett motvind. Dette er den nest beste Gularplasseringa i EM U20 gjennom tidene – berre Vilde Svortevik sin 4.plass på langhekk i meisterskapen for to  år sidan er betre. Naomi løp også 4x100m stafett, men her vart det belgiske laget slått ut i forsøket.