Christian sette banerekord på Osterøy

(13.07.2015) Gular var bra representert på kveldens karusellstemne på Osterøy og det var Gular-løparar først i mål både på 100m og 800m. Christian Marthinussen vann 100m på ny banerekord 10.88, føre Joakim Dang som sette årsbeste med 11.14. Joakim sette også årsbeste på 200m, men her heldt 22.91 berre til 4.plass. Kristoffer Grindedal årsdebuterte med å vinne 800m på 1:56.47, som er betre enn han klarte utandørs i fjorårssesongen.