Anne persa i Universiaden

(10.07.2015) Under første dag av Universiaden i Gwangju i Sør-Korea gjekk både Anne Skudal Dolvik og Katrine Haarklau vidare – så vidt det var. Anne persa til 12.11 på 100m (vind +0.6) og var dermed den siste som gjekk vidare på tid. Katrine gjekk over 3.95 i første forsøk, reiv på 4.05, men delt 12.plass i kvalifiseringa var godt nok for finale.

I semifinalen på 100m dagen etter fekk dessverre Anne krampe og hinka inn på 12.95. Tidlegare på dagen gjekk ho vidare til semifinale på 200m med 24.77 i motvind, men på grunn av krampen måtte ho trekke seg frå semifinalen. Katrine tok ein delt 9.plass i finalen med 4.05.

Vår tredje deltakar, Vidar Dahle, vart slått ut i forsøket på 800m med 1:55.17.