EM-SØLV TIL ELI ANNE!

(04.07.2015) Eli Anne Dvergsdal har hatt flott framgang i år, men EM-sølv var det vel ingen som hadde venta av jølstrajenta. I EM motbakkeløp i Porto Moniz på Madeira leverte 24-åringen eit kjempeløp og tok andreplassen med 53.05 i den krevjande løypa (8.25km og 850 meter høgdeskilnad). Ho var om lag to og eit halvt minutt bak suverene Andrea Mayr frå Østerrike som vann for tredje gong på rad, og halvminuttet føre bronsevinnaren Emma Clayton frå Storbritannia. VI GRATULERER – så vidt vi kan sjå er det første Gular-medalje i ein internasjonal meisterskap (nordisk meisterskap og Europacup for landslag ikkje medrekna). Det vart elles ein stor norsk dag på Madeira då Johan Bugge (med fleire sigrar i Fløyen Opp) vann seniorklassen og Stian Øvergaard Aarvik vann juniorklassen.