Årsbeste av Marius og Ingrid på 1500m

ingrid

(04.06.2015) Under kveldens eliteheat på 1500m på Jessheim vart det fine årsbeste både på Marius Vedvik og Ingrid Halvorsen Folvik. Marius fekk 3:48.37 og Ingrid 4:30.78 og tok kvar sin sjetteplass totalt på ein kveld med ein del vind på fjorårets NM-arena. Marius skal i aksjon igjen på 3000m i Florø laurdag 6.juni, medan Ingrid truleg skal løpe i nasjonalt heat på Bislett Games 11. juni. Vi håpar at ho då klarer junior-EM-kravet på 4:28.00.