Sterk 3000m av Håvard – Per Svela klarte NM-kravet

per-mfl-3000-Fana

(31.05.2015) Glad gjeng etter 3000 på Fana i dag: Halfdan Emil Færø, Varegg (som missa NM-kravet med 9/100 og fekk 8:35.08), haren Marius Vedvik, Per Svela, sekundant og trenar Arne Risa og Jens Bøhmer (9:22.33 i dag)

Under første dag av Framolekene sette Håvard Haukenes ny pers på 3000m kappgang med 11:44.17, med dette er han fjerde best i Norge gjennom tidene. Per Svela klarte NM-kravet på 3000m då han vann og persa med heile 10 sekundar til 8:28.72 under siste dag av Framolekene, etter flott harejobb av Marius Vedvik.

 Det var også mange andre gode prestasjonar under dette fire-dagars stemnet på Fana stadion, spesielt av ein kvartett med unge Bergens Turn-jenter: Julie Woie Flølo persa solid med 11.33 i tresteg, og 16-åringen frå Bergens Turn klarte dermed kravet til senior-NM i denne øvinga. Ho avanserte også til fjerde plass på Gulars alle-tiders statistikk. Live Haugstad Hilton persa med 12.25 på 100m og 60.03 på 400m, og hadde dessutan 7.90 på 60m, 25.37 på 200m og 5.19 i lengde. Vidare fekk vi årsdebut av Ingrid Halvorsen Folvik med 4:33.35 på 1500m. Ingrid satsar på å klare kravet til U20-EM (4:28.00) på Jessheim på torsdag. På 3000m fekk vi ein fin debut på distansen av Frida Burheim Sommervold, som klarte junior-NM kravet med fine 10:56.19.