Sølv til Eli Anne i motbakke-NM

Eli-anne

(30.05.2015) Eli Anne Dvergsdal tok ein flott sølvmedalje under dagens NM i motbakkeløp i Nissedal i Telemark. NM var innlagt i Skuggenatten Opp, som vart arrangert for sjette gong. Eli Anne var vel minuttet bak skistjerna Heidi Weng i mål i eit tøft løp der det var nysnø på slutten av løypa. Vi håpar at Eli Anne med dette sikra seg ein plass på laget til EM i fjell-løp (som motbakke heiter internasjonalt), dette går på Madeira 4. juli. I Skuggenatten Opp hadde vi også med Martin Finne, som vart nr. 4 i menn junior-22, berre 15 sekundar frå bronsen.