Katrine mot store høgder igjen – 4.24!

katrine

(29.05.2015) ENDELEG løsna det for Katrine Haarklau etter ein nokså moderat sesong så langt – til henne å vere. Ho gjekk over 4.24 i stav i tredje forsøk i Austin, Texas i kveld, og sikra dermed deltaking for University of Missouri i finalen i NCAA (amerikansk universitetsmeisterskap) for fjerde år på rad. Ho vart nr 11 i NCAA Regionals West og det var 12 som går vidare til finalen i Eugene, Oregon om to veker. Katrine tok også 4.14 i tredje forsøk. Med ein årsbeste på 4.05 før stemnet er vi imponert – og det er berre under NCAA i 2013 ho har hoppa høgare – då vart det 4.35!  Dette er også etter det vi veit norsk årsbeste – om ho stiller i EM for landslag i russiske Cheboksary veka etter NCAA er vi litt usikre på – men det burde la seg gjere å få både Katrine og stavane frakta 10-11 tidssoner austover på dei dagane og dessutan ordne pass med russisk visum!

Dessverre gjekk det ikkje like bra med Frida Berge under det same stemnet, ho vart nr. 13 totalt på 3000m hinder med 10:21.27 og hadde såleis best tid av dei som ikkje gjekk vidare – men var 9 sekundar frå å kvalifisere seg.