Flott 7-kamp debut av Naomi

naomi

(23.05.2015) Under NM i mangekamp i Nittedal  helga gjorde Naomi Van den Broeck ein flott debut i 7-kamp, og sette klubbrekord både på 100m hekk og i lengde. Med serien 14.26-1.47-10.43-24.99 på 100m hekk, høgde, kule og 200m første dag og 5.97, 27.75 og 2:33.17 i lengde, spyd og 800m andre dag vart det 4904 poeng totalt. Hekkeløpet på 14.26 var 2/100 under Katrine Haarklau sin gamle klubbrekord frå 2013, og 5.97 i lengde var 3cm lenger enn Christine Gulbrandsen sin klubbrekord frå 1999. Med litt meir trening på dei svake øvingane som høgde, spyd og 800m kan det bli godt over 5000 poeng i neste forsøk – Katrine Haarklau har klubbrekordane både for U20 (5267) og senior/U23 (5374). Naomi vann juniorklassen klart, og vart berre slått av ein senior, men sidan ho har belgisk pass, vart det ikkje nokon medalje å ta med heim til Bergen. Naomi kjempar for å klare dei harde belgiske krava til EM U20 i Eskilstuna i juli – vi trur i alle fall ho kjem med på 4x100m laget til dei gule, raude og svarte, men sjansen er der både på 100m, 200m, korthekk og i lengde også.

I jenter 16år hadde vi også med Julie Woie Flølo frå Bergens Turn, som tok ein fin fjerdeplass med 4124 poeng, berre 26 poeng frå bronsen. Serien til Julie: 15.95-1.57-10.47-28.53/5.09-27.83-2:43.57 (76.2cm hekkar, 3 kg kule og 500g spyd).