Sterk Bergens Turn-innsats på Mailekene!

(23.05.2015)

Under dei tradisjonsrike Mailekene for gutar og jenter i Haugesund i helga var det mange gode prestasjonar av unge utøvarar frå Bergens Turn. Vi tar her berre med dei som er 15 år og eldre og såleis representerer Gular i junior/senior-samanheng.

 Live Haugstad Hilton vann både 100m, 200m, 80m hekk og lengde. I løpsøvingane vart det flotte persar (12.41 og 25.17 på sprinten og 12.79 på hekken), medan det vart moderate 5.01 i lengde. Live har dermed klart krava til den europeiske ungdomsfestivalen i Tbilisi i juli på 100m og 200m, men sidan det berre er rom for ein norsk deltakar i kvar øving og 12 totalt frå Norge, sit nok billetten til Georgia langt inne – 99-årsklassen er hard med mellom andre Ingvild Meinseth (12.32 og 24.90 på Hamar i helga).

 Brita Mehl Lode (J15) persa til 1.60 i høgde og er dermed klar for junior-NM på Byrkjelo. Ho vann dessutan spyd (500g) med 29.14, og tok andreplass på 80m hekk og tredjeplass både i kule (3kg) og lengde (13.24-9.60-4.29). Kari Kuvaas Herting vart nr 3 på 200m i J16 med 27.31 og nr. 2 på 80m hekk med 13.78. Dersom ho gjer eit forsøk på langhekk er vi nokså sikre på at ho klarer NM-kravet der, og det skulle vere innan rekkevidde også på andre distansar. Aurora Sommerlade vart nr. 2 på 200m i J15 med 27.14, berre 4/100 bak kravet til junior-Nm. På 100m og 800m vart det 14.33 og 2:33.55.

 Sist, men ikkje minst: Fabian Rimestad leverte eit flott spydkast med 52.09 (600 gram spyd) i 15-års klassen som ga 1000 poeng på Tyrvingtabellen.