Christine klarte EM-kravet på Hamar

Christine

(22.05.2015) Under elitestemnet på Hamar i helga løp Christine Bjelland Jensen ein flott 200m på 24.11 og klarte dermed kravet til EM U23 i Tallinn i juli. Ho var dermed berre 1/100 bak persen frå 2013-sesongen. Før Christine set kursen mot den estlandske hovudstaden, ventar imidlertid andre oppgåver som til dømes EM for landslag i russiske Cheboksary, der vi trur ho kan kome med på begge stafettlaga. Anne Dolvik fekk 24.98 i same løp.

 Elles pressa Marius Vedvik årsbestenoteringa si på 3000m ned til pene 8:05.35, som heldt til 5.plass. Per Svela persa solid på same distanse, og med 8:38.51 i årsdebuten på bane burde NM-kravet på 8:34.99 vere innan rekkevidde – kanskje alt på Framolekene til helga. Elles vart det 8:47.79 på 3000m for Magnus Sirnes Hjellum, medan Torbjørn Lysne fekk 22.58 på 200m.