Kretsrekord av Frida

frida

(16.05.2015) Under eit universitets-stemne i Los Angeles sette Frida Berge frå ny kretsrekord på 3000 m hinder med 10:09.94. Den gamle rekorden hadde Siri Merete Alfheim frå Norna-Salhus med 10:16.41 frå 2003. 21-åringen frå Ølve, som studerer med idrettsstipend på University of Oregon i Eugene, persa med 10 sekundar og avanserte dermed til 7.plass på den norske alle-tiders statistikken på distansen. Lagpoenga ho fekk for 2.plassen i løpet var svært viktige for at University of Oregon vann lagkonkurransen for dei store friidretts-universiteta på Stillehavskysten av USA (Pacific-12, vanlegvis kalla Pac-12). 29. mai skal Frida i aksjon igjen på hinder i NCAA Western Regionals i Austin, Texas. Der går dei 12 beste til NCAA som går på Frida si amerikanske heimebane i Eugene, Oregon to veker seinare. Katrine Haarklau, som avsluttar studiane i USA no i vår, stiller i stav på Western Regionals der ho representerer University of Missouri.