To sølv i Fristafetten

(14.04.2015) Det vart to andreplassar på Gular i årets Fristafett – bak Gneist i dameklassen og bak Norna-Salhus i herreklassen. Sidan løypa er ny av året kan ein ikkje vurdere prestasjonane mot tidlegare år. Det var mange forfall, mellom anna på grunn av skader, men vi klarte likevel å stille tre herrelag og to damelag. Dei som imponerte oss mest var Torbjørn Lysne og Naomi Van den Broeck som begge leverte flotte 300-etappar inne på stadion i Indre Arna. Vi satsar på å kome mykje sterkare tilbake på Askstafetten 1. mai!