Bjørn Tore nr. 31 i VM 24-timars

(12.04.2015) Under VM 24-timars løp i italienske Torino vart Bjørn Tore Kronen Taranger nr. 31 på ny klubbrekord 234 089 meter – 117 rundar (!) i 2km-sløyfa som vart brukt i denne konkurransen. Dette er hans beste plassering i eit EM/VM og han vart dessutan beste nordmann. Den tyske vinnaren slo Bjørn Tore med omtrent 30 kilometer. I lagkonkurransen (tremannslag) vart Norge nr. 7.