Mulismilen: Løyperekord til Marius, siger også til Eli Anne og Jens

(07.03.2015) Mulismilen er byens eldste gateløp, først arrangert i 1968(!). Langløypa på 10.6km frå Mulen til Isdalen (derav namnet) og retur same veg er kupert og tøff. Kortversjonen på 5km er i Fjellveien og relativt flat. Marius Vedvik sette nok ein løyperekord med 32.32 på 10km, 9 sekundar betre enn Nils Engevik sin løyperekord frå 1997. I dameklassen vann Eli Anne Dvergsdal suverent på 38.26, 20 sekundar bak løyperekorden til Hilde Marit Fjelltveit (Hølleland) frå 1990. Jens Bøhmer vann kortløypa på 5km med 16.37. Historia til Mulismilen kan du lese her (ikkje oppdatert etter årets løp): http://varegg-gammel.testsites.oneiros.no/index.php?option=com_content&view=article&id=1423