UM: Trippel til Naomi, høgderekord til Julie

(08.03.2015) Under helgas UM i friidrett arrangert av Dimna IL på Sunnmøre vart det mange medaljar til samarbeidsklubbane. Naomi Van den Broeck frå Hovding var suveren på dei korte distansane i 18-19 års klassen, med 3 gull – 7.65 på 60m, ny klubbrekord for senior med 8.73 på 60m hekk og ny juniorklubbrekord på 200m med 24.47. Ungjentene frå Bergens Turn tok 2 gull og 2 bronse. I 16-års klassen vart det gull i høgde til Julie Woie Flølo med 1.64, som er klubbrekord for senior og også betre enn klubbrekorden utandørs – klubbrekord er det for øvrig også for Bergens Turn. Julie vart også nr. 3 i stav med 2.50. I denne klassen vart det også bronse til Live Haugstad Hilton med 8.05. I 15-års klassen vann Tuva Vika Tholo stav på 2.70.