Håvard klarte VM-kravet – 3:58.44!

(07.03.2015) Under IAAF Race Walking Challenge i meksikanske Chihuahua på laurdag leverte Håvard Haukenes ein svært sterk prestasjon med 8.plass og 3:58.44, som er under A-kravet til haustens VM i Beijing. Han var rundt 8 minuttar bak den meksikanske vinnaren. Dette var nok Håvards beste 50km nokon gong, persen frå København 2012 er rundt 2 minuttar betre, men sidan Chihuahua ligg i 1500m høgde trur vi  at den tynne lufta der betyr meir enn 2 minuttar tidsmessig. Han gjekk inn på 4.plass i Norge (og Hordaland!) gjennom tidene og sette sjølvsagt ny klubbrekord – vi hadde jo ingen klubbrekordar i kappgang før sesongstart.