Mange i aksjon helga 7-8.mars

(28.02.15) Komande helg – 7-8.mars – er det mange frå Gular og samarbeidsklubbane i aksjon. Dimna arrangerer UM inanndørs, og der stiller BT med ein fin tropp, kanskje er også Hovding og Strandebarm representert. I Leikvanghallen er det NM veteranar med stor Gulardeltaking, og sist men ikkje minst skal kappgjengar Håvard Haukenes i aksjon i Chihuahua i Mexico 7. mars, der han prøver på VM-kravet på 50km kappgang. Vi ønsker alle lukke til!