Christian 7.02 på 60m

(28.02.14) Det er ei stund sidan vi har sett Christian Marthinussen på resultatlistene, men i dag slo 31-åringen til med ny pers og 7.02 på 60m, årsbeste i Gular og berre 1/100 bak Fris mangekjempar Martin Roe. Kanskje kan persen hans på 100m (10.78 2009) forbetrast i år? Elles noterer vi 17.27 på 5km av Eli Anne Dvergsdal på Frikarusellen onsdag, og 24.05 og løyperekord av Ingrid Festø i det vel 6km lange og kuperte løpet Rotevatnet rundt i Volda dag. I USA er Katrine Haarklau (3.88 i stav) og Frida Berge (16.56/9.52 på 5000/3000) ferdig med ein skuffande innandørssesong, men vi veit at begge har kapasitet til mykje betre tider og høgare høgder. Rundt påske startar utandørssesongen på andre sida av Atlanterhavet, og då trur vi at begge to kjem til å heve seg fleire hakk.