Klubbrekord av Eli Anne

(21.02.2015) Under dagens maratonkarusell i Fana sette Eli Anne Dvergsdal ny pers og klubbrekord på halvmaraton med 1:20.43, vel to minuttar raskare enn ho løp før jul. I herreklassen vart Bjørn Tore Kronen Taranger nr. 4 på 1:16.55. Eli Anne vann for øvrig også løpskarusellen på måndag (5km) på 17:47.