Marius 8.05.35 og kretsrekord i landskampen

Marius Vedvik var Gulars einaste deltakar i den nordiske innandørslandskampen i Bærum i helga. Han leverte ein flott 3000m på 8:05.35, som heldt til andre plass bak ein danske. Med dette sletta Marius også Jan Fjærestad sin 33 år gamle kretsrekord  innandørs som var på 8:07.4. Det gjekk litt seint midt i løpet (passering 2000m 5.28), og me dei slik passering var EM-kravet på 8.02 utanfor rekkevidde. Neste større oppgåve for Marius er halvmaraton i Nederland 22. mars.