Naomi og Marius først i mål – men ingen gull

Under NM innandørs i Steinkjer i helga var både Naomi Van den Broeck og Marius Vedvik først i mål, men ingen av dei fekk gull. Naomi vann 60m på ny pers 7.51 og junior-22 klubbrekord, (gammal pers og rekord 7.64) og var 2/100 føre sølvvinnaren. Sidan Naomi har belgisk og ikkje norsk pass, fekk ho ikkje gullmedalje. Marius var først i mål på 3000m på 8:09.00. Etter at han hadde leia så godt som heile løpet måtte han kaste seg over mål for å halde unna for ein sterk spurt frå Tjalves Erik Udø Pedersen, og det klarte han med 4/100 margin. Juryen vurderte det slik at Marius hadde hindra tjalveløparen, og han vart difor diska. Ei avgjerd som verkar veldig inkonsekvent når ein veit kva som får passere av stenging og skubbing i løpskonkurransar, dette var definitivt ikkje gjort for å hindre. Marius vart i alle fall tatt ut til nordisk neste helg. Han tok forøvrig bronse på 1500m laurdag med inne-pers 3:50.95 etter å ha leia til 1100m. Elles vart Torbjørn Lysne nr. 5 på 400m med årsbeste 49.97 og utslått i forsøket på 200m med 22.46. Joakim Dang kom til semifinalen men vart utslått der etter å ha løpt på 7.10 både i forsøk og semi.