Sterk løping av Naomi og Marius på Pingvinlekene

Det var mange gode prestasjonar av utøvarar frå Gular og samarbeidsklubbane under Pingvinlekene som Gneist arrangerte i Leikvanghallen i helga. Helgas klubbrekord gjekk til Naomi Van den Broeck som vann 60m klart med 7.64, ho forbetra dermed Ann Marit Kleive (Holmøy) sin junior-19 klubbrekord frå 1987 med 3 hundredelar. Marius Vedvik løp ein sterk 1500m på 3:52.05 (inne-pers) og var den einaste under 4:00 i feltet. Begge desse prestasjonane lovar godt for NM innandørs i Steinkjer til helga. Til Steinkjer skal også Joakim Dang som persa til 7.09 på 60m, og Torbjørn Lysne med 22.62 på 200m og 50.22 på 400m.

I dei yngre klassene noterer vi fin innsats av 15- og 16-års jentene frå Bergens Turn. I lengde jenter 16 år vann Live Haugstad Hilton på 5.20 føre Julie Woie Flølo med pers 5.18. Live vann dessutan både 200m på 26.87 og eit jamt heat på 60 m hekk med 9.54. Julie tangerte persen i høgde med 1.55 og hadde 8.63 på 60 meter, 2.51 i stav og 9.72 i kule. I jenter 15 år hoppa Tuva Vika Tholo 2.61 i stav, medan Brita Mehl Lode vann kule 3kg med 9.28 og Aurora Sommerlade vann lengde på 4.56 og vart nr. 2 på 60 m hekk med 10.18.