Sterk 3000m av Håvard under Nornalekene

(25.01.2015) Håvard Haukenes gjekk ein sterk 3000m kappgang under Nornalekene. Tida 11:46.05 gav ein andreplass bak Erik Tysse, men Håvard er no nr. 3 på den norske alle-tiders statistikken, ein flott debut i Gulardrakta. Elles vil vi trekke fram 16-åringen Live Haugstad Hilton frå Bergens Turn som vann både 60m, 60 m hekk, 200m og lengde i sin klasse (8.01/9.34/26.33/5.22). I same klasse hoppa klubbvenninna Julie Woie Flølo 1.50 i høgde og 4.95 i lengde, og i kvinner senior vann Lena Indrebø 800m på 2.19.29, under sekundet bak klubbrekorden innandørs.