Løyperekord av Marius Vedvik i Askløpet

Marius Vedvik tok ein klar siger i Askløpet 17. januar og forbetra samtidig Øyvind Fretheim sin 16 år gamle løyperekord med 4 sekundar. Med 12.47 i den 4.5 km lange løypa var han minuttet føre klubbkamerat Per Svela, som gjorde ein fin debut i Gulardrakt. Anders Staude vart nr. 4 på 14.18 og Odd Anders Grimsbø nr. 5 på 14.23. I dameklassen vart det ein klar siger til Eli Anne Dvergsdal på 15.40, etter det vi har kunne finne ut er det berre løyperekordhaldar Stine Larsen (14.23) som har løpt fortare. Ingrid Festø vart nr. 2 med 16.50 og Lena Indrebø nr. 3 med 17.04.