NM-gull til Even – i år som i fjor

(12.09.2021) På opningsdagen av årets NM i friidrett forsvarte Even Meinseth fjorårets NM-gull på 100m med eit sterkt løp på 10.43 i minimal vind (+0.1), i eit nokså jamt oppgjer der dei andre medaljane gjekk på 10.47 og 10.49. Sterkt av sørlendingen som har løfta seg til i eit høgare nivå enn tidlegare i årets sesong. På denne distansen vart Sondre Lindaas Gjesdal nr. 6 på 10.95 etter å ha persa til 10.87 i semifinalen. Even løp også ein sterk 200m på 1000m stafett søndagen, men Gular måtte sjå seg klart slått av Molven. Dei blåkledde frå Innlandet løp inn til ny norsk rekord på 1:51.51 og sletta dermed Gular sin rekord frå NM i Drammen i 2001. Gular tok sølvet på 1:53.44, beste Gular-tid nokon gong utan Quincy Douglas på laget! På laget løp Sondre første, Even andre, Tor Kringstad Vedde tredje og Andreas Haara Bakketun (nr. 5 på 200m med 21.60) ankeretappen på 400 meter.

På lange løp vart det to bronsemedaljar. Mats Hauge kjempa seg inn til bronse på 1500m (3:49.15), 6/100 føre fjerdemann. Her persa Johannes Teigland til 3:51.97 og tok ein fin 8.plass. Bjørnar Sandnes Lillefosse og Marius Vedvik vart nr. 4 og 5 både på 5000m og 10000m. På 800m for menn vart alle våre fem løparar utslått i forsøket, veteranen Kristoffer Grindedal hadde beste tid av våre med årsbeste 1:53.38.

Etter å ha dratt hovudfeltet i mesteparten av 5000-meteren for så å ende opp på sjetteplass (16:14.48) var Ine Bakken revansjesugen på 10000m og fekk her sin første NM-medalje med 33.56.19 og bronse. Adele Norheim Henriksen forbetra sin eigen norske juniorrekord på femteplass med 34:05.36. Kjersti Fresvik persa til 35:41.82 og vart nr. 7 – ho hadde ein flott helg og kom for første gong under 17:00 på 5000m med 16:49.95 som gav 8.plass. Amalie Joensen debuterte på distansen med 37:36.65 som gav 9.plass. På 1500m persa Ingrid Kristiansen til 4:21.21 som gav 7.plass i eit sterkt heat.

Litt stang ut og færre medaljar enn i fjor, men ei hyggeleg helg på Sørlandet og veldig positivt at vi hadde så mange deltakarar (25, og endå fleire var kvalifisert). Få klubbar hadde fleire med, og det må litt forsking i gamle resultatlister til for å finne ut om klubben nokon gong har hatt fleire deltakarar på NM. Dei som har vore med ei stund hugsar at vi hadde ein stor tropp for eksempel på Nadderud i 1985…