Ine vann sentrumsløpet

(29.08.2021) Vi har hatt utøvarar i aksjon både på veg og bane og på begge sider av Langfjella denne veka. Laurdag vann Ine Bakken (bildet) sentrumsløpet i Oslo på sterke 33:59 på 10km, her vart Elin Farestveit nr. 8 på 37:59 og i herreklassen vart Johannes Teigland nr. 6 på 31:50. Under Bergen city maraton på laurdag vann Adele Henriksen dameklassen på halvmaraton klart med 1:16.44. Her vart Amalie Joensen nr. 3 med 1:22.31, Ingrid Revheim nr. 4 på 1.24.57 og Anne-Mette Juuhl nr. 5 med 1:27.13. I herreklassen vart Daniel Beeder nr. 3 med 1:12.44, og Geir Storetvedt Skaten vart nr. 2 i klassen 45-49 år med 1:19.23. Marius Vedvik hadde tatt turen til Førde og NM motbakkeløp opp Bystien i heimbyen. Totalt vart det 8.plass på Marius rundt to minuttar bak teten, men vi veit at motbakkar ikkje er Marius sitt spesialfelt, i alle fall ikkje når dei er så bratte som opp til Hafstadfjellet 705 moh.

Under Bergenslekene i helga var sprintarane våre i aksjon både på 100 og 200m. På dagens 200m (dessverre litt for sterk medvind til at tidene kan godkjennast) var Even Meinseth – på ferierepresentasjon for Sørild – raskast med 21.23, føre Andreas Haara Bakketun med 21.54 og Sondre Gjesdal med 22.02. Erlend Hognestad Nilsen vart nr. 8 totalt med 23.07. På gårsdagens 100 meter var Sondre raskast med 10.95 i godkjent vind, her fekk Erlend 11.24 på 5.plass totalt, begge hadde godkjent vind. Onsdag var vi godt representert på eit stemne på Bislett, der det dessverre var nokså blåsande, best av gutta på 1500m var Bjørnar Sandnes Lillefosse som var like bak årsbeste med 3:49.43, Ine var også nær årsbeste/pers på 3000m med 9:29.35.