Flott 800 på Gneistspelen

(22.08.2021) Under Gneistspelen i helga vart det eit jamnt oppgjer mellom klubbens nest beste 800m-løparar. Gular tok plassane 3-6 og 9 i A-heatet, og det viste seg at dei gamle var eldst. «Veteranen» (han er berre 32) Kristoffer Grindedal fekk 1:54.56 og er dermed kvalifisert for NM i Kristiansand. Bak han vart det eit jamt Sunnfjord-oppgjer, der Marius Vedvik (1:54.63) fekk kasta seg føre Matias Førde (1:54.72). Marius forbetra dermed ein fem år gammal pers med vel sekundet, medan Matias persa med over tre sekundar! Sondre Hoff var like bak persen med 1:55.02, medan Timmi Anderl ikkje hadde dagen og fekk 1:59.56. På bildet ser vi frå venstre Matias, Marius, Sondre, Kristoffer og Timmi.

Laurdagen var det 5000 meter, der Eldar Fagerbakke noterte si beste tid på distansen i Gular-drakt med 14:48.39 medan Daniel Jacobsen persa til 15:36.49. Same dag vann Daniel Beeder halvmaraton på Bergen skogsmaraton med 1:18.32.

To av sprintarane våre har for tida ferierepresentasjon for moderklubben. Even Meinseth (Sørild) følgde fint opp persen frå siste helg med løp på 10.42 og 10.43 på 100m i Luxembourg, medan Tor Kringstad Vedde vann 200m under Nittedalslekene med 22.38