Mange persar på Arne Hamarsland 1500m tribute

(18.08.2021) Arne Hamarsland 1500m tribute var det fjerde og siste stemnet i årets Bergen Legend League, og sjølv om topptidene uteblei, vart det likevel eit fint stemne med mange persar. I starten av stemnet fekk Arne Hamarsland overrakt eit bilete av seg sjølv frå den aktive karrieren, saman med blomster. Hans imponerande idrettslege CV er gitt til slutt i dette innlegget.

Stemnet starta med 1500m mix-heat, der alle våre jenter persa og kom under 5:00 for første gong – 4:56.18 på Amalie Joensen, 4.57.19 på Tuva Thomassen Fagerbakke og 4:59.72 på Maria Sæterstøl. Etter ein 300m utan Gularløparar, men med sterk løping av ungdommar frå Gneist, var det klart for 1500m. I det første heatet persa nesten alle, inkludert Gularløparane Lars-Olav Måkestad Apold (4:07.15), Ken-Tony Johansen (4:12.69) og Thomas Iversen-Skoge (4:13.73). I det andre heatet var Tore Akerlie berre sekundet bak persen med 4:02.30, mens Daniel Jacobsen var eit godt stykke bak persen med 4:12.34. Her gjorde Timmi Anderl ein fin harejobb. I det siste og beste heatet klarte ikkje feltet heilt å henge med haren til sub_3:45-fart, men Marius Vedvik tok kommandoen og heldt leiinga til mål. Han fekk notert 3:47.59, knepent føre Eivind Trym Wikshåland som komsterkt på slutten og persa solid til 3:47.87 og Bjørnar Sandnes Lillefosse som endeleg starta utandørssesongen med 3:48.79. Lenger bak i feltet var Sondre Hoff like bak årsbeste med 3:51.91, knepent føre Matias Andersen Førde som persa til 3:52.11. Eldar Thomassen Fagerbakke hadd eikkje dagen og kom inn på 4:00.82. Resultata finn du her: https://norway.opentrack.run/en-gb/x/2021/NOR/2021arne-hamarsland-1500-meter-tribute/event/

Samanlagtpremiane (best samanlagt poengsum for to beste løp) for Bergen Legend League gjekk til Marius Vedvik (bildet) og Kjersti Fresvik.

Arne Hamarslands idrettslege CV:

Arne Hamarsland fylte nyleg 88 år, men er fortsatt sprek. Han var Gulars første løpar av internasjonalt format, og representerte Gular i heile karrieren frå han debuterte som baneløpar som 17-åring. Høgdepunkta i ein lang karriere var  

  1. 3:39.8-løpet på Bislett 5. september 1958, då han vart fjerde løpar i verda under 3:40 på 1500m. Denne tida stod som norsk rekord i 10 år og som klubbrekord i 30 år.
  2. Finaleplass på 1500m under OL i Roma 1960

Han var også med under EM i Stockholm i 1958 der han sette ny norsk rekord på 1500m i forsøket, men vart utslått. Nasjonalt har han kongepokal frå 1963, 6 NM-gull på 1500m og 2 på 800m, og han er den einaste som har NM-medalje på alle distansar frå 800m til 10000m, 3000 m hinder inkludert, og dessutan i terrengløp. Han har sett sju norske rekordar. Etter den aktive karrieren har han vore trenar og hatt mange verv i klubben, og har deltatt flittig i veteranklassene med notering på 1500m så seint som i 2018.

Han er dessutan tildelt både Kongens fortjenestemedalje og friidrettsforbundets gullmedalje for aktiv idrett.