Flotte 800-persar av Robin og Timmi

(15.08.2021) Dette var helga for solide 800-persar. Under British Milers Club-stemnet i Eltham persa Robin Nedrehagen (bildet) med 1.5 sekund til 1:52.20 då han vart nr 5 i C-heatet. Han er dermed nest raskast på distansen i kretsen i år, bak Mats Hauge. Under Trondheimslekene tok Timmi Anderl ein flott andreplass på same distanse med 1:54.63, som er pers med 2 sekundar og under kravet til senior-NM. Timmi har persa med heile seks sekundar i år! I Trondheim løp Even Meinseth 200m på 21.67 og Erlend Hognestad Nilsen 100m på 11.39, begge i godkjent vind.

På Straumemila på Sotra var Adele Henriksen suveren i dameklassen med 35:08, medan Daniel Beeder vart nr. 2 i herreklassen med 33:25