Kjempeløp av Mats: 3:39.40 i Watford!

(11.08.2021) Under British Miler Club-stemnet i Watford i utkanten av London i kveld leverte Mats Hauge eit flott løp og vart nr. 3 på 1500m med 3:39.40. Han persa dermed med 29/100 og har no betre pers enn trenar Morten Velde og er dermed raskaste haugesundar på distansen gjennom tidene. Klubbrekorden (Ove Talsnes 3:39.25 1988) og kretsrekorden (Lars Ove Strømø 3:38.76 1985) lever farleg!

Same dag var det mange fine prestasjonar her heime. I Stavanger vann Ingrid Kristiansen ein 1500m på 4:26 (vi har ikkje fått eksakt tid), og det var mange fine prestasjonar på karusellstemnet i Arna. Her sletta Kjersti Fresvik ein seks år gammal pers på 5000m då ho løp på 17.17.88, og det vart også persar på Amalie Joensen (17:26.39) og Anne-Mette Juuhl (18:51.89). Blant gutta var det tre debutantar på distansen, Daniel Beeder fekk 15:31.23, og Thomas Iversen-Skoge klarte kravet til junior-NM neste år med 16:15.51. Meir rutinerte Ken-Tony Johansen hadde faktisk ingen tider frå 5000m tidlegare han heller, og fekk 16:06.24. På 1500m debuterte Maria Sæterstøl med 5:04.67, medan Synne Heggøy Fjeldberg var eit stykke bak persen med 5:14.33. På 400m persa Lukas Landro Lie til 57.13.