To kretsrekordar: Marius 7:53.01, Even 10.30!!

(08.08.2021) Under Norgeslekene på Jessheim fredag vart endeleg ein 40 år gammal kretsrekord slått. Marius Vedvik har fleire gonger vore like ved å slå Anfin Rosendahl sin kretsrekord frå 1981 på 7:53.78, og no lukkast det endeleg. I sitt tolvte løp under 8:00 på distansen kom Marius inn på 7:53.01 som gav åttandeplass (fjerde beste norske) i eit sterkt nordisk heat. I same heat persa Eivind Trym Wikshåland solid til 8:09.70. I B-heatet vart det fine persar både til Sondre Hoff (8:18.45), Eldar Fagerbakke (8:18.97) og Johannes Teigland (8:21.79). Matias Førde løp sin beste 3000m i Gulardrakt  (8:23.76) og Tore Akerlie fekk 8:48.40, begge desse fekk det litt tungt mot slutten. På 800m gjorde Mats Hauge eit sterkt løp, men var uheldig med hundredelane (1:50.03, 1/100 bak persen). Ine Bakken var også like bak persen med 9:25.81 på 3000m.

På 100m søndag fekk Even Meinseth verkeleg klaff på 100m og suste inn på norsk årsbeste 10.30 (+1.4) og sletta dermed trenar Erlend Sæterstøl sin 25 år gamle kretsrekord på 10.31. Svært fortjent for den skadeplaga sørlendingen som persa med heile 17/100 og no er nr. 8 i Norge gjennom tidene. Erlend Hognestad Nilsen persa også til 11.16 (vind +1.5). I forsøket var medvinden for sterk (+3.0), her fekk Even 10.52 og Erlend 11.11. Even løp dessutan på 10.53 og 10.57 (begge løp i godkjent vind) under Gulars hinderstemne onsdag.