Gull til Andreas på junior-NM

(01.08.2021) Under helgas junior-NM på Ravnanger vann Andreas Haara Bakketun 400m i eldste klasse (U23) suverent på 47.11 som er tangering av meisterskaprekorden. I same løp sette Sebastian Plows årsbeste med 49.20 som gav fjerdeplass. Sivert Fløgstad Sellevold sette årsbeste i forsøket med 50.05, men løp ikkje finalen. Fjerdeplass vart det også til Sebastian Wichstrøm i Rolland i spyd U20 med 59.95 som er ein meter bak persen. Medaljetrioen kasta alle over 65 meter. Våre deltakarar på mellom og langdistanse plasserte seg omtrent som venta ut frå persar og årsbeste – lureløp og litt vind gjorde at tidene for dei fleste vart litt bak persane. På 800m i U23 hadde vi to løparar i finalen, Robin Nedrehagen vart nr. 6 på 1:54.92 og Timmi Anderl nr. 7 på pers 1:56.54. Sjuandeplass vart det også på Tor Akerlie på 5000m i U23 med 15:02.87. På 1500m i U20 vart Ida Grytaas Forsmo slått ut i forsøket på 5:00.89, og i U23 vart Synne Heggøy Fjeldberg nr. 8 på 5:22.73

Vi tar også med fin løping av Even Meinseth på heimebane i Grimstad onsdag – 10.49 på 100m (2/10 bak pers) og ein kontrollert 200m på 21.62, begge i godkjent vind.