Sterk 3000m av Marius på heimebane

(17.07.2021) Det var fine forhold då Førde IL inviterte til kveldsstemne med 3000m i kveld. Vinden hadde stilna, og ein kunne sjå regnbogen frå stadion. Sigurd Ruud Skjeseth var henta inn som hare og drog heile 2200m i 8:00 før Marius tok over, og to sterke sluttrundar gav 7:55.43 som er hans tredje beste løp gjennom tidene og gir fjerdeplass på årets norske statistikk. Neste gong Marius startar på 3000m trur vi Anfin Rosendahl sin 40 år gamle kretsrekord på 7:53.78 endeleg blir sletta. I hovudfeltet hang Matias Førde (sommarovergang til Jølster) godt med heile vegen og kom inn på 8:18.73 som er hans beste løp nokon gong uansett distanse – og pers med heile 10 sekundar.