Klubbrekord av Ine: 16:07.50 på 5000m

(14.07.2021) Mykje fin Gular-løping på Bislett i kveld – toppa av Ine Bakken sin klubbrekord på 5000m. Ine tok teten for godt eit stykke ut i løpet og heldt farten godt oppe heilt til mål. Med 16:07.50 sletta ho Frida Berge (no Reiersølmoen) sin klubbrekord på 16:17.27, sett i amerikanske Fayetteville i 2014. Prestasjonen til Ine blir endå sterkare når ein tar med at på grunn av svikt i tidtakinga vart heatet stoppa etter 600 meter og starta på nytt ikkje så lenge etterpå! Adele Henriksen følgde fint opp med 16:39.00 på tredjeplass og sletta dermed Ingrid Folvik sin junior-19 kretsrekord frå bronseløpet under NM på Ravnanger i 2016 (16:41.65). Elin Farestveit hadde ikkje dagen og kom inn på 18:14.66 som er eit stykke bak pers.

Stemnet starta med sprint, der Even Meinseth var suveren med 10.57 i forsøket og 10.51 i finalen, begge løp i lett motvind. Med full klaff med forholda og eit godt felt er han god for under 10.40. På 400m sette Sebastian Plows, som har ferieovergang til Nittedal, årsbeste med 49.79. På 1500m for kvinner persa Ingrid Kristiansen til sterke 4:23.21. Pers vart det også på Ida Grytaas Forsmo (4:59.26) og Synne Heggøy Fjeldberg (5:04.03 – under junior-NM-kravet for første gong).

På 1500m for herrar var det litt ujamnt tempo undervegs, og på sisterunden var det sju mann med i tetgruppa. Mats Hauge vart stengt inne ved lista i siste sving, men då han fekk fri bane på oppløpssida var det klart kor sigeren ville gå – Mats fekk 3.45.77 i sin første 1500m for året. Marius Vedvik viste fin spurtstyrke og tok andreplassen på 3:46.37. Sondre Hoff fekk 3:53.44 i same heat. I B-heatet var Matias Førde (sommarovergang til Jølster) like bak pers med 3.53.04, medan Johannes Teigland, som gjorde mykje av drajobben, fekk det tungt på slutten og kom inn på 3:57.43. I C-heatet persa Daniel Jacobsen til 4:06.31. På 5000m for menn gjorde Eivind Trym Wikshåland nok eit bra løp og fekk 14:29.17 etter tøff satsing, medan Tore Akerlie persa til 14:49.76 og Eldar Fagerbakke fekk 14:58.34, hans beste 5000-tid i Gulardrakt.