Flotte persar på 800m på Bislett

(10.07.2021) På Bislett onsdag vart det flotte persar på alle våre tre karar på 800m: Robin Nedrehagen vart nr. 2 på 1:53.70, Sondre Hoff nr. 5 på 1:54.90 og Johannes Teigland nr. 6 på 1:55.28. Elles løp Erlend Hognestad Nilsen 100m på 11.40 og Tuva Thomassen Fagerbakke 800m på 2:30.34. Sebastian Plows har no ein kortvarig sommarovergang til heimeklubben Nittedal og fekk 11.43 på 100m og 22.46 på 200m, sistnemnde løp i for sterk medvind.

Bildet viser Johannes (t.v) og Sondre  på trening på bana på Norges Idrettshøgskole, vi hadde dessverre ikkje eit høveleg bilde av Robin for handa denne gongen.

Under EM U23 i Tallinn vart dessverre Andreas Haara Bakketun utslått i forsøket på 400m på 47.90, i eit løp der det såg ut som han aldri kom skikkeleg i gang. Andreas kan for øvrig delta i EM U23 også om to år.

I eit varmt 5000m-løp på Skansemyren sist veke persa Anne-Mette Juuhl til 18:58.5, medan Åshild Teigland Tepstad fekk notert 19:14.8.

Varmt var det også under Jølster maraton sist helg, der Marius Vedvik vart nr. 2 på 10km med 30:08 og Matias Førde (sommarovergang til heimeklubben Jølster) nr. 4 på 31:30. Anne-Mette Juuhl vart nr. 5 på 10km med 40:30. På halvmaraton vart Lars-Olav Måkestad Apold nr. 4 med 1:14.38 og Daniel Beeder nr. 6 med 1:15.15

Elles ser vi fram til Sommerstevnet på Bislett onsdag 14. juli, der klubben no har heile 16 påmeldte!