Sterk 300m på Leikvang av Andreas og Tor

(03.07.2021) Dessverre har det ikkje kome oppdateringar på tre veker, men no er nettredaktøren tilbake i vanleg modus og lovar normal frekvens på oppdateringane heretter.Vi startar med dei nyaste resultata og jobbar oss tilbake i tid:

Onsdag denne veka arrangerte vi Gular-sprinten på Leikvang. Her vann Andreas Haara Bakketun 300m på ny pers 33.87, beste tid i Hordaland nokon gong i U21. Persar vart det også på Tor Kringstad Vedde med 34.37 og Sivert Fløgstad Sellevold med 36.01. Andreas er for øvrig tatt ut på 400m til EM U23 i estiske Tallinn, der forsøksheatet går torsdag 8. juli med semifinale og finale påfølgande dagar. Bildet er av Andreas (t.v.) og Tor, men er tatt i fjor.

Tysdag var det kaststemne på Skansemyren, der Sebastian Rolland forbetra sin eigen juniorklubbrekord i spyd til 60.95. Med det er han fjerde best i landet i yngste juniorklasse (U20) så langt i år og dermed klar medaljekandidat under junior-NM på Ravnanger i månadsskiftet juli-august.

Sist helg hadde vi løparar i aksjon både i Kristiansand, på Lillehammer,på rekordløpet på Gardermoen og på veteran-NM i Førde. I Kristiansand persa Ingrid Kristiansen med eit sekund på 800m – den nye persen er på flotte 2:08.96, beste tid i Hordaland sidan 2014! Nokre dagar tidlegare var ho berre sekundet bak 1500-persen då ho løp på 4:25.22 i Sandnes. På 10000m løp Adele Henriksen solo inn til 34:09.84, sekundet bak persen. Kjersti Fresvik forbetra sin seks år gamle pers med sju sekundar til 35:54.53, og Elin Farestveit debuterte på distansen med 37:59.27.

På Midtsommerstevnet på Lillehammer persa Robin Wathne Nedrehagen med eit sekund på 800m til 1:53.97 (kretsårsbeste som riktignok berre var det eit par dagar) etter ei knallopning, tøff satsing! På 100m var Sondre Lindaas Gjesdal like bak persen med 10.91, og Erlend Hognestad Nilsen persa med 1/100 til 11.18. På 400m var Tor Kringstad Vedde like bak årsbeste med 48.23, medan Sivert Fløgstad Sellevold sette årsbeste med 50.27. På 200m var Tor igjen like bak årsbeste med 21.93, Sondre sette utepers med 21.97, og Sivert persa til 22.79.

Under rekordløpet Gardermoen (5km gateløp) vann Ine Bakken kvinneklassen med flotte 16:15, og Ine burde kunne slette Frida (Berge) Reiersølmoen sin klubbrekord på 5000m bane (16:17.27) når ho får seg eit løp på den distansen. Johannes Teigland vann herreklassen på 15:03, og Martin Finne vart nr. 3 på 15:10.

På Bislett persa Eivind Trym Wikshåland til fine 14:22.36 på 5000m i eit løp han vann.

Under EM for landslag (First League – altså nivå 2) i Cluj-Napoca i Romania var Andreas Haara Bakketun og Even Meinseth våre to deltakarar – Andreas vart nr. 4 på 400m med 46.84 og gjekk inn som reserve på 110 m hekk og sikra eit poeng med 16.33 i sin debut på distansen. Dessutan løp han ein sterk ankeretappe på 4x400m der Norge vart nr. 7, knepent føre Sverige. Even vart nr. 10 på 100m med 10.57 og løp dessutan ein etappe på laget på 4x100m stafett som vart nr. 5.

Under Hans Jakob Berge Invitational på Fana som vi arrangerte saman med Gneist, vart det fine tider og persar både på 10000m for menn og 5000m for kvinner. Beste Gular-løpar på 10000m var Tore Akerlie (31:29.58), han var alt kvalifisert til NM etter fin 3000m-pers tidlegare i år. Lars Olav Måkestad Apold klarte NM-kravet med 31:48.98, og det vart persar også på Ken Tony Johansen (32:24.95), Daniel Beeder (32:51.54) og Daniel Måkestad Fadnes (34:11.49). Kjersti Fresvik vann 5000m klart og var like bak persen med 17:23.78, og det vart pene debutar på distansen både for Elin Hanevik (18:41.15), Anne Mette Haugen Juuhl (19:04.09) og Åshild Teigland Tepstad (19:07.22). På 800m persa Timmi Anderl til 1:57.97 og klarte dermed kravet til junior-NM (U23-klassen).

Og sist, men ikkje minst: Adele Norheim Henriksen vann halvmaraton i Fana på 1:15:44 og forbetra dermed sin eigen norske U20-bestenotering på distansen med fire sekundar.

Under veteran-NM i Førde sist helg vart det totalt to gull, sju sølv og to bronse til Gular- med følgande resultat:

Damer 75-79 år. Vektkast. Nr. 3 Herborg Blakstad 7,41
Herrar 85-89 år. 200m. Nr. 2 Harry Tvedt 47,27
100m. Nr. 4 Harry Tvedt 22,19
Herrar 75-79 år. 3000m kappgang Nr. 1 Arthur Lillefosse 36,14,98
Høyde Nr. 2 Arthur Lillefosse 1,12
Tresteg Nr. 2 Arthur Lillefosse 6,15
Spyd Nr. 2 Arthur Lillefosse 16,40
200m Nr. 4 Arthur Lillefosse 43,59
3000m kappgang Nr. 2 Arvid Bjørsvik 40,58,34
5000m. Nr. 2 Arvid Bjørsvik 28,52,26
3000m. Nr. 3 Arvid Bjørsvik 17,11,01
Herrar 70-74 år. 5000m. Nr. 2 Per Skaar 26,21,08
3000m. Nr. 4 Per Skaar 15,36,16
Herrar 70-79 år. 1000m Stafett Nr. 1 Harry Tvedt – Arthur Lillefosse – Arvid Bjørsvik – Per Skaar.