Pers på Ingrid på 800m: 2:09.99!

(12.06.2021) Gular var bra representert under dagens Boysen Memorial på Bislett. Dagens pers gjekk til Ingrid Kristiansen som vann B-heatet på flotte 2:09.99- nest raskast i Gular gjennom tidene bak suverene Ingvill Måkestad Bovim. Vann B-heatet gjorde også Sondre Gjesdal (22.16 på 200m i motvind -1.5). På 400m bekrefta Andreas Bakketun at han er den nest beste 400m-løparen i kongeriket då han vann på 46.71, eit par tidelar bak persen. Tor Kringstad Vedde var også eit par tidelar bak persen med 48.19 og fjerdeplass, medan i B-heatet var Sebastian Plows (49.98) og Sivert Sellevold (50.32) litt lenger frå sine persar. På 800m var Sondre Hoff nær sin pers med 1:56.16.

Foto: Tom Roger Johansen