Persar på Bislett og i Bergen

(10.06.2021) Mykje fin løping også denne veka, med persar både på 1500m på Bislett, på Leikvang og i Arna. På Bislett onsdag vart det flotte persar på 1500m både til Johannes Teigland og Matias Førde (på bildet, Matias t.v og så Johannes saman med to ostringar som løp endå fortare) og til Tore Akerlie, medan Marius Vedvik løp sin nest beste 1500m nokon gong. Tidene: Marius 3:44.55, Johannes 3:52.33, Matias 3:52.95, Sondre Hoff 3:54.78 og Tore 4:01.36.

På Leikvang måndag vart det flotte persar både på 100m og 200m. På 100m var Sondre Gjesdal raskast med 10.98, medan Tor Kringstad Vedde fekk 10.98 og Sebastian Plows 11.35, pers på alle tre. På 200m persa Tor til 21.91, medan Sebastian fekk 22.57 (ikkje pers) og Sivert Sellevold 22.92.

I Arna onsdag klarte Elin Farestveit NM-kravet på 5000m med flott pers 17:42.26, medan Erlend Hognestad Nilsen løp 60m på 7.29 og hoppa 3.03 i lengde utan tilløp, det siste gir viktige seriepoeng.