Marius og Ine i storform

(05.06.2021) Nok ei veke med sterke Gular-resultat. Under Bislett Night of Highlights fredag tok Marius Vedvik ein sterk tredjeplass på 13:36.60, hans neste beste tid på distansen nokon gong, og etter poengtabellen å døme hans neste beste løp uansett distanse. Dessutan slo han tidlegare og noverande treningskameratar som Per Svela og Eivind Øygard etter ei sterk avslutning. Tidlegare på kvelden noterte vi oss fine løp nær pers både av Andreas Haara Bakketun (21.24 på 200m i lett motvind (-0.4)) og Sondre Hoff på 1500m (3:51.36).

I Birmingham laurdag fekk Ine Bakken sin internasjonale debut i European 10000m cup og leverte nok eit flott løp. 33:34.59 er pers og klubbrekord med 15 sekundar og heldt til ein 6.plass i B-heatet.

For eit par veker sidan forbetra Sebastian Rolland sin eigen klubbrekord for junior i spyd med 4cm då han kasta 60.74 under eit stemne på Leikvang, og på Husnes denne veka persa Lars-Olav Måkestad Apold til 8:49.8 på 3000m.

Ingrid Kristiansen har gjort sine to første baneløp denne sesongen i Sandnes og Stavanger, og vann begge (2:13.25 og 4:30.22).

Vi ser fram til sesongen vidare, neste veke er det mellom anna ein sterk 1500m på Bislett 9. juni med mange Gularløparar påmeldt.